"Før alt dette, i Knut Vaages heilt nye stykke Orkesterdialogar, får vi kikka rett inn. Han held orkesteret opp som eit tredimensjonalt lerret for oss. Du kan sjå kva som foregår på ulike stadar. Små samtaler dukker opp, mellom ein mørk cello og ein klarinett, mellom fløyte og fiolin, mellom piccolo og bratsj. Det veks seg kanskje større, eller det døyr ut. Han gir oss minner og rammer vi kan kjenne igjen frå tidlegare tider. Eit stille sus opnar stykket, kjem tilbake, går igjen. Det er så respektfullt gjort mot orkesteret. Det er så fint brukt. Det sluttar stille. Det måtte det."