OM MUSIKKEN SOM BLIR FRAMFØRT PÅ ROSENDAL KAMMERMUSIKKFESTIVAL.

Onsdag – 6. august

 19.30-21.30 1. Åpningskonsert Rosendal Kammermusikkfestival 

 

Knut Vaage: Bumerang 
Opus13 (strykekvartett)

Stykket «Bumerang» er bygd opp av kontrasterande avsnitt som stadig vender tilbake, men aldri til nøyaktig samme utgangspunkt. Desse små og store endringane tvingar fram eit rastlaust uttrykk. Eit anna element av uro er bruken av ulike former for tremolo gjennom det meste av stykket. Teksturane i «Bumerang» er kontrasterande både når det gjeld tilhøva mellom instrumenta og rekkefølgja av delene. 

Strykekvartetten er ein ensembletype som frå klassisk epoke og fram til no har vore nytta til utprøving av nye musikalske verkemiddel. I «Bumerang» ynskjer eg å få kontakt med ein del av dei særprega eigenskapane strykeinstrumenta har. Dette føregår gjennom ein prosess som kanskje kan kallast ei utforsking av instrumenta sin anatomi. «Bumerang» vart tinga av Nidaros Strykekvartett for urframføing på deira konsertserie i 2011. Bumerang har vore framført fleire gonger av ulike ensemble og innspelt på CD av ein kvartett leia av Ricardo Odriozola. Stykket var finansiert av Norsk Kulturfond. No er eg spent på å oppleva den unge og prisvinnande kvartetten Opus 13 si tolking av stykket.

Pizzicato, 23. juli 2020

Link til Spotify frå CDen Svev, utgitt på LAWO i 2020 (LWC1199)

Torsdag – 7. august

 16.00-17.30 4. Konsert i Kvinnherad kyrkje

Knut Vaage: Fra 20 Blikk på Opus 54 
Knut Christian Jansson (piano)

OPUS 54 – frå piano til sinfonietta til piano igjen

Stykket “20 blikk på Opus 54” er ei rekomponering av “Odyssé” som igjen var laga som ein kompositorisk interpretasjon av “Lyriske stykker” op. 54 av Edvard Grieg. Idéen bak “Odyssé” var å visa det som eg opplever som ei interessant storform hos Grieg.  Om ein ser på denne samlinga av lyriske stykker som eit verk, så framstår det med ei ganske ukonvensjonell form. Grieg sin formtanke går utanom den romantiske store patos. Karakteristiske tema er sett saman i ei rekke. Innafor kvar sats så verkar det som om Grieg ynskjer å sprenga rammene med rastlause crescendo også i dei rolege satsane. 

Verket “Odyssé” var laga som ein fri betraktning over Grieg sitt opus, filtrert gjennom eigne strukturar underveis i forløpet. “Odyssé “vart tinga av BIT20 Ensemble, finansiert av Norsk Kulturråd, og urframført på Bergen Reiselivslag 

sitt 20 års-jubileum i 2002, og har seinare vore framført fleire stader, bl.a på Festspillene i Bergen og på Baroniet i Rosendal i 2011. 

Knut Christian Jansson spurde meg om å laga ei samling småstykker som kunne fungera som mellomspel til Opus 54, beregna på framføring saman med Grieg sitt opus. Eg har strukturert materialet frå “Odyssé” til 20 små betraktningar (blikk) som kan framførast samla, eller delast opp etter utøvaren sine ynskjer. Grieg sitt opus har måtta delta i ei reise frå piano til sinfonietta og tilbake til pianoet igjen. Musikken har i denne siste versjonen blitt meir spekulerande og mindre klar i formen samanlikna med Odyssé. Avsnitta vil truleg opplevast meir som hendingar enn som formskapande utviklingar, og musikken kan difor framstå som små musikalske meditasjonar. Verket er bestilt av og tileigna Knut Christian Jansson, og arbeidet finansiert av Norsk Komponistforening. Stykket blei utgitt på Jansson Recordings i 2022.

Link til Spotify Blikk 1-5 (Gjetergutt):

Knut Vaage: Skråblikk på Haugtussa 
Ragnhild Gudbrandsen (stemme), Hilde Haraldsen Sveen (sopran), Knut Christian Jansson (piano)

“Skråblikk på Haugtussa” kastar eit skrått blikk på Grieg sin songsyklus, men ser også grundig på Garborg sitt monumentale diktverk «Haugtussa» for å finna ein annan innfallsvinkel enn den Grieg valgte. I tekstutvalget til “Skråblikk…” blir det fokusert på Garborg si skildring av natur og mystikk.

Meiningsinnhaldet i dikta blir formidla av skodespelaren, medan sopranen framstår, gjennom stemma sine urlydar, som eit naturvesen – eller ho går drøymande inn i Veslemøy-karakteren. Inniblandt kjem referansar til Grieg, men for det meste undersøker “Skråblikket” den delen av Garborg sin tekst som Grieg ikkje brukte.


Garborg sin diktsyklus rører seg i eit spenn mellom djup sorg og jublande livsglede.
Veslemøy ser dei underjordiske, og opplever naturen sterkt og undrande.

Eg ser fram til å høyra verket på samme konsert som Grieg sitt berømte opus.

Verket er bestilt av Hilde Haraldsen Sveen og Knut Christian Jansson, og dedikert til utøvarane som urframførte verket i Troldsalen i 2023, og som også framfører stykket i Rosendal. Verket er finansiert av Komponistenes Vederlagsfond. Stykket blei utgitt på Jansson Recordings i 2024.

Link til Spotify:

Lørdag – 9. august

OM SYKLUSEN «TILSTANDAR» (framført laurdag og søndag):

«Tilstandar» er tittelen på ein syklus som består av fire verk som kan framførast samla eller kvar for seg. Tre av desse blir urframført på festivalen. Desse tre nye stykkene, komponert til tidlegmusikkensemblet C4, har litt ulik besetning, men kontratenor Daniel Sæther er solist på alle. Det passar fint med framføring på baroniet, sidan denne type instrumenta heilt sikkert var å høyra på slottet på den tida baronen levde.

Tematikken i «Tilstandar» kretsar om ei open tilnærming rundt menneske i naturen. Naturen rommar oss, og er samtidig til stades utan oss. Naturen gjer oss høve til å finna innsikt og opplevingar, og landskap til formskapande inspirasjon. Skiftande årstider er grunnlaget for den store syklusen i naturen. Me kan lett assosiera mennesket sitt livsløp med naturen sine skiftande årstider. Naturen gjennomgår kvart år dei samme endringsprosessane, men aldri på samme måte. Vårt arbeid lar seg inspirera av den samme sykliske tenkinga, og tanken om at tilstandane opplevest nye og kjente på samme tid. Daniel har også bestilt alle 3 stykkene som på kvar sin måte kommenterer naturtilstandane som oppstår i vekslande årstider, og refleksjonar omkring dette temaet. «Tilstandar» (1. del) er inspirert av våren, og har tekst av Ruth Lillegraven: «Opp av jorda». Sommaren (2. del) er ein moderne kulokk med tekst av Erlend Nødtvedt: «kom linderei kom». Hausten (3. del) har tekst av Terje Tørrisplass: «Hauste inn». 

Vinteren (4. del) finst frå før i «Vintersong» frå 2017 med tekstar av Hanne Bramness. «Vintersong» blei bestilt av Tora Augestad og Hardanger Musikkfest, og urframført på festivalen av Tora saman med Lautten Compagney frå Berlin, dirigert av Grete Pedersen. Daniel Sæther har fått sin eigen versjon, «Vintersong» versjon 2 frå 2021, som blei innspelt på ein CD med samme navn utgitt på LAWO Classics i 2022. Syklusen «Tilstandar» med alle 4 satsane, eignar seg for framføring samla på ein konsert. Det lengste verket «Vintersong» inneheld (nesten) alle instrumenta som er brukt i dei 3 nye satsane. 

Dei nye stykkene var komponert i 2024 og er finansiert av Fond for lyd og bilde. Framføringa er støtta av Norsk Komponistforening. Gledar meg til å høyra denne musikken for første gong på festivalen. 

 16.00-18.00 15. Konsert i Riddersalen

Knut Vaage: «Opp av jorda» (Vår) (Urframføring) tekst: Ruth Lillegraven 
Daniel Sæther (kontratenor), «Ensemble C4»

«Opp av jorda» er 1. del  av syklusen «Tilstandar»,  og er inspirert av våren, komponert over eit dikt av Ruth Lillegraven. Fleire komponistar har dei siste åra tonesett Ruth sine dikt. Eg har vald denne teksten fordi ho skildrar naturstemningar på ein måte som set tankane i sving, og som inviterer til musikk. Diktet «Opp av jorda» skildrar ei ny spire under jorda som trengjer seg gjennom molda opp mot lyset. Diktet skildrar også naturen, med fjella, himmelen, månen og det evige, sykliske som spinn rundt og rundt, «…alt som skjer skal skje igjen». Eg vil takka Ruth for at ho raust ga meg lov å tilpassa diktet til dei musikalske ideane ein stad der det oppsto eit behov for det. Biletbruken i diktet har direkte inspirert musikken som startar i sitt djupaste leie, stig fram og byggjer seg opp gjennom stadig gjentakande, spinnande mønster, fram til stykket døyr ut i lyse klangfargar. Stykket utnyttar nokre klanglege muligheter som ligg i besetninga med kontratenor, blokkfløyte, barokklutt og gambe. Dei to sistnemde har mange strenger, og eignar seg difor ekstra godt til å understreka det evig spinnande. Stykket varer i ca. 8 minutt.

Opp av jorda

den evige tida

som garn på spolen

som sirkelen kring

månen, rundt og 

rundt

for alt som skjer

har skjedd før

og alt som skjer

skal skje igjen

himmelen

fjella, lyset

blått i blått

grått i grått

vått i vått

og under jorda

ei ny spire

gjennom molda 

gjennom molda 

opp av jorda

mot lyset

mot lyset

Ruth Lillegraven

BIO: 

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive over tjue bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingar som Urd, Sigd og Eg er eg er eg er og for ein triologi med psykologiske thrillerar om Clara Lofthus. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd.

21.30-22.45 16. Konsert i Kvinnherad kyrkje

Knut Vaage: «Hauste inn» (Høst) (Urframføring) tekst: Terje Tørrisplass 
Daniel Sæther (kontratenor), «Ensemble C4»

«Hauste inn» er 3. del av «Tilstandar» som skildrar hausten, og dette stykket byggjer på eit dikt  av Terje Tørrisplass.  Slik eg tolkar diktet, så har det ei litt melankolsk grunnstemning som beskriv eit sakn etter noko som er over. Musikken startar med ein enkel tone med utgangspunkt i ein av lutten sine opne strenger, men som får klinga hos alle instrumenta. Variantar av denne introduksjonen kjem igjen som mellomspel to gonger i løpet av forløpet, og skil dei ulike delene av diktet, men då med utgangspunkt i to andre av lutten sine mange strenger. Musikken har som mål  å underbyggja det poetiske som eg meiner uttrykker spor av levd liv, og den sluttar midt i eit førsøk på flukt som (i musikken) endar i ein alternativ klang. Besetninga i dette stykket er kontratenor, blokkfløyte, barokklutt, orgel og gambe. Stykket varer i ca. 8 minutt.

Hauste inn

Ei veke etter at himmmelen gjekk tom 

for svaler

kan eg høyre ho i den klåre kvelden.

Skuggen forbi augo, hivet i vengene

kvinet i kvart sveip.

Det er ikkje sant

at lufta er utan spor.

I alle våre andlet

finst speglingar

av flukt. 

Terje Tørrisplass

BIO:
Terje Tørrisplass (f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med diktsamlinga «Eg bygger ikkje byar» i 2010. «Vegemot» er den fjerde diktsamlinga hans. Tørrisplass er skribent, skogsarbeidar og lyrikar. I forfattarskapen til Tørrisplass står den livslange og tette relasjonen til naturen sentralt. 

Søndag – 10. august

 12.00-15.30 17. Konsert i Riddersalen

Knut Vaage: «kom lindereid kom» (Sommer) (Urframføring) tekst: Erlend O. Nødtvedt 
Daniel Sæther (kontratenor), «Ensemble C4»

«kom linderei kom» er 2. del av «Tilstandar» som skildrar sommaren. Diktet er skrive av Erlend Nødtvedt, og eg vel å tolka det som ein moderne kulokk. Kanskje er det første gongen me høyrer ein kontratenor framføra ein kulokk på konsert? Erlend sitt dikt inneheld eit oppkomme av fantasifulle namn på kyr og oksar. Kvart namn har sin klang og sine assosiasjonar, og eg tenkjer at dei vidt forskjellige namna viser at ingen av dyra var like i lynnet. Eg har mange minner frå brandommen frå oppveksten med dyra på garden vår på Sunde, og eg hugsar godt at kvart dyr hadde sin personlighet. Desse nyansane prøver eg å få fram gjennom musikken. Musikken tar dessutan mål av seg å beskriva sommarstemning gjennom raske løp i harpsikord, stryk og sopranino-blokkfløyte, og går ikkje av vegen for bruk av ku-bjeller og ekko i sitt ynskje om å mana fram stemning frå sætra i svunnen tid. Besetninga på stykket er kontratenor, blokkfløyte, harpsikord, perkusjon og strykekvartett. Denne instrumentsamansetninga kan skapa ein krisp og frisk klang som passar godt til sommarsatsen. Eg ber om at songaren inniblandt skal syngja med vanleg baryton-røyst i tillegg til det lyse alt-leiet som er standar stemmeleie for ein kontratenor. Stykket varer i ca. 8 minutt. Framføringa er støtta av Norsk Komponistforening.

kom linderei kom

kom linderei kom

kom heimros og bingros

skogreid og myrkreid

kom epleros og liljegrein

kom snurikoll sprakur

og snurikolla

kom ylva sylva

kom duna og dokka

rosa og sokka

kom leda og langa

tea og tanga

dumiblaa sylvitaa

brusi og krusi

duni-dokka rosi-sokka

kom kniplegeit og lukla

kom mjødhumla mi

kom dalarosi

kom linderei kom

Erlend Nødtvedt

BIO:

Erlend O. Nødtvedt (f.1984) debuterte med diktsamlingen Harudes i 2008. Siden har han utgitt diktsamlingene Bergensbeskrivelse (2011), Trollsuiten (2014), Slekter (2019) og Olav Nygards seng (2023) – og romanene Vestlandet (2017) og Mordet på Henrik Ibsen (2021. Fra første bok har Nødtvedt begeistret anmelderne, og han er ansett som en av sin generasjons sentrale forfattere. Nødtvedts skrivemåte er både særegen, energisk, vilter og besvergende.

BIO, KNUT VAAGE:

Meir info på www.knutvaage.com




Tilbake
Ingen kommentarer

Beklager, kommentarskjemaet er stengt for øyeblikket.