LUFTSPEILING 2

Sjøforsvarets musikkorps med solist Anthony Ringdal på fagott urframførte versjon 2 av Luftspeiling i Håkonshallen 10. april 2024, Dirigent: Leif Arne Pedersen

Luftspeiling (eller Fata Morgana) er eit fenomen som eg har observert under min oppvekst ytterst i Hardangerfjorden. Under båtreiser på fjorden skjedde det av og til at eit blikk ut mot havet skapte stor undring. Øyar og holmar såg ut som at dei svevde eit stykke over havflata. Dette merkelege synsinntrykket opna sansane for det overnaturlege. Det kunne sjå ut som at naturlovene var oppheva. Båten fortsatte si rute over fjorden, og fenomenet flytta seg med oss; øyar skip og skjer av ulik storleik hang svevande i synsranda uti havgapet.

Måten orkesteret lagar klangflater basert på kluster og interferens, kan assosierast med den synlege avstanden (som eigentleg ikkje finst) mellom sjø og holme. Ein enkel rytme går gjennom heile første del, vekslande mellom ulike instrument og grupper. Summen av desse verkemidla er tenkt å tilføra noko hypnotsisk bak dei mange skiftande lydlandskapa, som elles har ein meir aktiv gestikk i dialog mellom solist og orkester.

Under kan du sjå framføringa på YouTube:

Sjøforsvarets musikkorps med solist Anthony Ringdal på fagott. Dirigent: Leif Arne Pedersen

Original versjon av Luftspeiling med 9 fleire musikarar blei urframført i Oslo 28. oktober 2022 av Anders Gedde Dahl og Stabsmusikken. Dirigert av Kai Grinde Myrann.




Tilbake
Ingen kommentarer

Beklager, kommentarskjemaet er stengt for øyeblikket.