"Komponisten lukkast i å teikna bilete som også eg kjenner meg att i, av eit frose, stille landskap, der blåkvitt ljos dekkjer rimkledd mark og mose. Inntrykket av ei slik verd har meir av mosaikken enn måleriet ved seg, for som i mosaikken funklar det ulikt i einskildsteinar alt etter kvar ein står. Fjorden verkar svartare og djupare enn vanleg på slike dagar, ein sort vinterdag som eg trur me vestlednigner set meir pris på enn andre av di me har så få av dei."