"Vaage er ein publikumsvenleg
komponist. Ikkje av di han skriv
«enklare», meir populær musikk
enn kollegaene sine i den norske
samtidsmusikken, men av di
han er så open om arbeidet og
metodane sine i møte med publikum.
På ingen måte pleier han
den nye musikken som reservat,
for han legg opp til ålmenn
ferdsle gjennom han – vel med
ruteframlegg, men, som det
kjem fram av teksten hans over,
overlèt han vegvalet i det musikalske
landskapet sitt til lyttarane."