Hokkaidos Hagar

For piano og orkester

Album...

HOKKAIDOS HAGAR

Utgivelsesdato: 2010

Skrevet av: Knut Vaage, 

Fremført av: Bergen Filharmoniske Orkester, Einar Røttingen, Ingar Bergby

Orkestrering

pf solo, orch: 3(2)-3(1)-3(1)-3(1) 4-2-2-1 timp perc:3 hp cel str

Varighet

27 minutter

Premiere/Bestilt av

Premiere i Bergen, 2005
Bestilt av Einar Røttingen

Introduksjon til Hokkaidos hagar...
"Hokkaidos hagar utforsker lydens vandring i rommet, som et lite samfunn av musikere skaper tredimensjonale teksturer, hvor individene enten harmoniserer eller kontrasterer."
K

jære publikum og lyttarar, Stykket de snart får høyra, er så langt høgdepunktet på mitt samarbeid med pianisten Einar Røttingen, som har vore ein pådrivar for bestilling og framføring av nye verk i vårt miljø. Eg vil nytta høvet til å takka han, orkesteret, og dirigent Ingar Bergby som stilte opp for planane om eit større verk for piano og orkester. Tittelen «Hokkaidos hagar» er, som namnet seier, henta frå Japans nordlegaste øy, fordi sjølve ideen vart fødd under ein samtale Einar Røttingen og eg hadde på ei togreise mellom Sapporo og Tokyo. Det er ikkje program-musikk, men møtet med den japanske kulturen, landskapet og folket sit igjen som eit minne, og blir nærast som ein klangfarge i verket. I minne, kan eg enno sjå for meg brokkar av furuskog, fjell og hav – og det strålande lyset som jaga bort klaustrofobien etter å ha reist gjennom verdens lengste undersjøiske tunnel. Togturen tok sine 12 timer, så me hadde god tid til spekulasjonar. Det har også tatt tid å utvikla dette stykket i og med at det har vore med i eit forsøksprosjekt i orkesteret med å laga ein workshop for utprøving av nye verk. Dette har opna opp for dialog mellom alle involverte. Musikarane har fått høve til å komma med tilbakemelding på materialet. Alle aktørane fekk på eit tidleg tidspunkt eit innblikk i verket. Samtidig har det også betra situasjonen rundt kort prøvetid, som ofte er kritisk ved urframføringar. Workshopen gav oss alt i alt ein fruktbar og tillitsskapande prosess som eg vonar orkesteret også vil la andre komponistar nyta godt av. Når eg no fekk høve til å skriva for klaver og orkester, vart det for freistande å kommentera a-moll konserten til Edvard Grieg. Men det som hos Grieg er ei kraftfull opning med det karakteristiske Griegske fallande ledemotiv, er i dette stykke redusert til ei spinkel fallande rørsle frå bakerste pult hos 2. fiolin til klaverets første einslege staccato på tonen a. Her sluttar all vidare likskap, så vidt eg kan sjå.

Hokkaidos hagar er i ein sats, som utviklar seg i ei slags fri form. Stykket er komponert frå begge kantar: Eit aktivt materiale frå starten og framover, medan den rolege tematikken i verket er komponert frå slutten og flyt andre vegen mot opninga av stykket, som om to hender vil gripa kvarandre utan heilt å lukkast.

Det har vore viktig for meg i dette stykket å vektlegga vandringa av lyden i rommet, og på denne måten fokusera på orkesteret si evne til å skapa tredimensjonale teksturar. Tanken er at orkesteret, som eit lite samfunn, består av mange meir eller mindre likeverdige individ i samspel, eller i motsetning til kvarandre.

Orkesteret er på grunn av desse ideane delt symmetrisk i to, med pianisten i midten, harpe og celesta på kvar si side, slagverk i ein krans bak, to likeverdige strykeorkester som t.d. gjer at det blir 4 bassar på kvar kant av scenen. På samme måten er blåsarane også delt, td. med ei fløyte på kvar side, piccolo i midten. Ein trombone på kvar side, tuba i midten. Ein trompet ytterst på kvar side osb.

Så når det kjem ein liten solo, blir det aldri berre hos ein musikar, men i dialog eller i form av ekkovirkningar som gjennomsyrar heile verket. Partituret er planlagt slik at lyden heile tida vandrar td. mellom solist og musikarar i orkesteret, eller breier seg frå solistoktetten som dannar ein halvsirkel fremst av strykarane til gradvis å omfatta alle. Denne teksturen gjer eit meir kammermusikalsk preg, kor fleire musikarar enn vanleg får delta med solistiske innslag som ein del av orkesterteksturen. Sjølvsagt vil denne omorganiseringa av heile orkesteret skapa ein uvant arbeidssituasjon for dirigent og musikarar, og ein del ekstraarbeid for scenemeister. Så eg kryssar fingrane for at det er bryet verdt, og at tilhøyraren kan oppleva denne romkjensla i lydbiletet.

Knut Vaage

info om verket

Presse

"Verket, som bare har én sats, er tydelig inndelt i seksjoner. Det er en langsom meditativ sekvens, det er en sekvens med hamrende rytme, og det er hele tiden ulike «japanske » referanser. «Hokkaidos hager» er en rik orkestersats strukturert med enkle, effektive kontraster i dynamikk og rytmikk. «Det er aldri kjedelig, og du får aldri inntrykk av at de har det travelt», skrev van Gogh om de japanske bildekunstnerne. Noe tilsvarende kunne man si både om «Hokkaidos hager» og om Røttingens og BFOs tolkning av det."

"Knut Vaages "Hokkaidos hagar", er en klaverkonsert inspirert av japansk landskap. Komponisten har villet skrive en "antihierarkisk" komposisjon, og har delt orkesteret i to symmetriske formasjoner - som en utbrettet papirsommerfugl.

"Knut Vaage beveger seg i samtidsmusikken med stort overskudd. Det vi tidligere har hørt viser ofte en imponerende fantasi og variasjon, men innenfor en fast og strukturert ramme. Han hører til de samtidskomponister som ikke er kjedelige, til det er hans klangverden for fargerik og avvekslende. Han har en fin evne til å levendegjøre symfoniorkesterets mange muligheter uten å falle for fristelsen til å overlesse komposisjonen med massiv tutti-klang.....konserten har klare strukturer og er særdeles velformet med storslagne fortepartier, men også med delikat orkesterbruk i svake partier....Carl Nielsen gjør inntrykk, men det gjør også Knut Vaage. Vart og vakkert spilte Einar Røttingen "Point of view" som ekstranummer, og Ingar Bergby fulgte opp til slutt med "Tjat" som ekstra orkesterstykke. Morsom og tildels høyrøstet småprat som igjen understreket Knut Vaages begavelse som komponist."

Kjøp partitur

Bestill partitur til “Hokkaidos hagar” på NB Noter sine nettsider.

 

NB noter bilde