
20 feb INTERVJU OM ROSENDAL KAMMERMUSIKKFESTIVAL I GRENDA

Knut Vaage med tre urframføringar: “Det var litt lyn frå klar himmel då Leif Ove spurde om eg ville vera med. I sin siste sommar vender festivalen tilbake til norske røter, og med Knut Vaage frå Sunde i ei av hovudrollene,” seier Marie-Louise Knoop
(mane@grenda.no).
“Det var litt lyn frå klar himmel då Leif Ove spurde om eg ville vera med i år, men sjølvsagt ei veldig hyggeleg overrasking,” fortel Vaage på telefon til Grenda. Han er midt i eit operaarbeid, men tek seg tid til ein prat likevel. Dei snakkar om kammermusikkfestivalen, om kor viktig kunst og kultur er for samfunnet, om røtene til Baroniet og ikkje minst om den kommande og siste versjonen av Rosendal Kammermusikkfestival. “Det er ekstra stas for meg å vera med når det er fokus på norske røter og Grieg, og eg er veldig glad for at eg får vera med no når det er siste sjans,” seier Vaage. Han minnast tilbake til då han gjekk på Griegakademiet og Leif Ove Andsnes kom inn nokre klassar under han. “Eg gjekk der som ein litt eldre og langt ifrå like dyktig pianist,” ler han og legg til; “Men eg hadde aldri ambisjonar om å bli ein klassisk pianist. Så eg syntest det var veldig kjekt å høyra at ein ungdom som kom rett frå ungdomsskulen var så dyktig.” Dei to har halde kontakten, og då Andsnes spurde Vaage om å vera med på årets kammermusikkfestival, var det ikkje noko å lura på. “Det er ikkje noko lite program han har stelt i stand. Eg får veldig mykje å gle meg til, då verka mine er spreidd utover dagane. Det blir som eit lite puslespel for dei som går på alle konsertane, der dei kan plukka opp bitane for kvar dag,” seier Vaage. I løpet av festivalen vil Vaage ha tre urframføringar. Desse verka skildrar naturen sine tilstander, nærmare bestemt vår, sommar og haust. Svigerinna til Vaage, Hanne Bramness, har skrive ei diktbok kalla «Vintersong». Med utgangspunkt i desse dikta komponerte han musikken som vart det fyrste verket i denne årstid-serien. Denne er innspelt på CD og kan lyttast til på Spotify. “Eg hadde heilt frå starten av ein plan om å laga ein sats til kvar av årets tider. Vi som menneske har alltid vore opptekne av syklusane i naturen. Eg trur det er ein av våre styrker, at vi nordmenn kan henta inspirasjon og røyst frå naturen,” seier Vaage. Vår, sommar og haust er laga med utgangspunkt i dikt av Ruth Lillegraven (vår), Erlend O. Nødtvedt (sommar) og Terje Tørrisplass (haust). Dei tre verka er skrivne til kontratenoren Daniel Sæther, med eit utval av musikarane frå «Vintersong». No skal dei altså dei tre neste årstidene til pers, og det er ei viss spenning å høyre i stemma til komponisten. “Det er alltid spennande å sjå korleis ting blir motteke, spesielt urframføringar. Det er ei uro på førehand som på eit vis er fascinerande,” fortel han og legg til; “Eg er også spent på korleis «Bumerang» og «Skråblikk på Haugtussa» vert motteke. Det er med litt skrekkblanda fryd, men gleda ved formidlinga er det sterkaste.” «Bumerang» er ein strykekvartett som blir framført på opningskonserten. «Skråblikk på Haugtussa» er laga med eit nytt blikk på Garborg sitt diktverk som også inspirerte Grieg songsyklusen «Haugtussa», og vert framført av Ragnhild Gudbrandsen (stemme), Hilde Haraldsen Sveen (sopran) og Knut Christian Jansson (piano).
Linkar til Spotify:
Bumerang
Skråblikk på Haugtussa
Beklager, kommentarskjemaet er stengt for øyeblikket.