MULTIMORF KIDS PÅ BRASSWIND

NyNorsk Messingkvintett og Knarvik Skulekorps urframfører multiMORF kids i Nykirken i Bergen søndag 29. september 2024

multiMORF kids blir framført av NyNorsk Messingkvintett og Thorolf Thuestad i samarbeid med musikantar frå Knarvik Skulekorps. Dei unge musikantane blir invitert med inn i komponist Knut Vaage og lyddesignar Thorolf Thuestad sitt elektroakustiske univers, og får utforska eksperimentelle måtar å skape lyder på instrumenta sine etter modell frå musikarane i kvintetten. Dei vil også oppleva korleis det blir når elektronikken tar tak i lydane deira og fører dei ut i nyskapande hybride lydlandskap, som ikkje liknar på klangen frå korps eller messingensemble. 

Stykket tar utgangspunkt i skissemateriale frå multiMORF VII, med ein spørsmål/svar-dynamikk, der musikarane i kvintetten er «forsongarar» på kvar sine stemmer, mens kidsa hermar.

Modellverket for multiMORF kids er multiMORF VII, ei vidareutvikling av Vaage sin multiMORF-serie (2007-13), der han og lyddesignar Thorolf Thuestad har utvikla eit hybrid elektroakustisk lydbilde ved å utvida klangspekteret til instrumenta gjennom utstrakt bruk av mikrofonar. Subtile lydar frå messinginstrumenta, som klikking frå ventilar, kysselyder med leppene og smakking med tunga, blir fanga opp. Ved å variera avstand til mikrofon og munnstykke blir det skapt eit nyansert lydbilde som Thuestad bearbeidar til ein unik skapning av elektroakustiske lydvever.

Men også rytmisk musikk: Messingblåsarane beveger seg mellom å opptre synkront og usynkront med elektronikken. Ein etter ein forlet musikarane det elektroakustiske lydbildet for å foreta en vandring, en akustisk solo. Når de vender heim til ensemblet og det elektroakustiske lydbildet, blir dei omfamna med ein koral. 

multiMORF VII blei urframført på BrassWind, den 3. oktober 2021.




Back
No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.