19 nov CD-SLEPPKONSERT

Eg gledar meg stort til CD-sleppkonsert på Bergen Kjøtt, laurdag 21. november kl 19.
Klikk her for informasjon om arrangementet og billettar.
Fabelaktige BERGEN BIG BAND speler, denne gongen dirigert av Michael Barnes. Tekst og opplesing av Frode Grytten, og video av Anne Marthe Dyvi.
Musikken er nettop utgitt med knall lyd på LAWO Classics. CD til salgs til spesialpris. (Ja, CDar er visstnok på veg inn igjen … Bra for oss som har drive på heile tida).
Det heile starta med intervju av kvar enkelt musikar. Kvifor vil dei bruka mesteparten av livet på musikken? Kva er jazz? Kor finn me dei kulturelle røtene våre? Under ser de Frode sin inspirerande tekst frå første del av stykket. Kom og høyr han lesa som solist med storbandet til Anne Marthe sin vakre video.
