30 okt BURSDAGSFEIRING!
Fredag 6. november urframfører BIT 20 Ensemble eit to minutters stykke som bursdagsfeiring for konsertserien Avgarde.
For 20 år sidan stifta eg konsertserien saman med komponistar og samtidsmusikarar i Bergen. Eg vart den første leiaren etterfølgd av Morten Eide Pedersen. Tine Rude blei dagleg leiar. Avgarde er framleis vitalt tilstades på Bergen sin musikkscene, og ein viktig arena for Bergensbaserte musikarar og komponistar til utprøving av nye verk og idear.
På konserten er eg i selskap med mange fine komponistar busett i Bergen og området rundt. Takk til alle som står på med dette, og til BIT20 Ensemble som gjer ei så kraftig markering av Avgarde sin 20års dag. Det er dessutan flott at heile denne omfattande konserten består av ny musikk skapt i vår eigen by.