«SKRÅBLIKK PÅ HAUGTUSSA» PÅ SUNDE KYST OG LITTERATURSENTER 22. NOVEMBER

I 2023 skreiv Knut Vaage eit stykke for stemme, sopran og piano. Verket tar føre seg Arne Garborgs «Haugtussa», men med andre dikt enn dei Grieg nyttegjorde i sin versjon. I Skråblikk er stemma det berande forteljarelementet, som blir fargelagd av sopran og klaver. Lyttaren blir invitert inn i eit friskt, nyskapande og magisk lydlandskap, og blir der kjend med dei mørkare og meir overnaturlege sidene i Garborg sitt dikt.

Hausten 2023 vart Skråblikk spelt inn av den same trioen som kjem for å framføra verket søndag 22. november, Hilde Haraldsen Sveen, Ragnhild Gudbrandsen og Knut Christian Jansson.

Komponist Knut Vaage vil sjølv vera til stades for å gi ein kort, innleiande presentasjon.

Dørene opnar 14.40, 20 minutt før arrangementet byrjar. Billetter finn du på https://bergslagen.hoopla.no/event/skraablikk-haugtussa

Sunde Kyst og Litteratursenter




Tilbake