30 okt BLUES PÅ SUNDE KYST OG LITTERTURSENTER
Lagt ut kl 17:45h
i Uncategorized
Laurdag 7. november speler ein god gammal kompis-gjeng klassiske blueslåtar. Arrangør er Husnes Jazzklubb, som eg var med og starta.
Arrangementet er på Sunde Kyst og Littertursenter, som er eit kjærkommen ny arena i heimbygda mi med stor aktivitet innafor mange sjangerar. Husnes Blueslag var det første bandet eg deltok i, og der eg på alvor fekk smaken på å driva med musikk. Me var aktive på slutten av 70-talet og byrjinga på 80-talet.
Bilete under er frå jazzklubben sitt 45års-jubileum, der me gjenoppsto etter meir enn 40 års pause. No tar me på oss speleoppdrag her og der med jamne mellomrom. Konserten er utseld.
