INTERVJU I DAG OG TID

Overskrift: Musikalsk mosaikk utan merkelappar

Ingress: Komponist Knut Vaage utforskar klangar med eigenarta signatur. Han er aktuell med ei rekkje verk, plater, prisar og nominasjonar.

Tekst: Stein Urheim
PUBLISERT 15.04.2025

Faktaboks: 
Knut Vaage
Fødd 1961
Knut Vaage er komponist og pianist utdanna frå Griegakademiet i Bergen, der han er busett.
Tilrådd lytting:
multiMORF med NyNorsk Messingkvintett og Thorolf Thuestad, Lawo Classics, 2024
Relieff, Refleks, Rite, med Kringkastingsorkesteret og solistane Amalie Stalheim og Harald Aadland Lawo Classics, 2024
Janus, for solo fløyte med Harmonien (BFO) og BIT20 med Ingela Øien som solist Lawo Classics, 2024
Skråblikk på Haugtussa, for røyst, sopran og piano, Jansson Recordings, 2024
Vintersong, for kontratenor og barokkensemble, Lawo Classics, 2022

Knut Vaage har aldri vilja plassera seg sjølv i ein tradisjon. Dette seier han trass i at han i studieåra som klassisk pianist lét seg inspirera av heile den modernistiske, klassiske tradisjonen.

Komponistar som Per Nørgård, Luigi Nono, Helmut Lachenmann og ulike norske komponistkollegaer har vore viktige for han. Desse er modernistar som har utvikla eigne speleteknikkar og reglar for både å bryta med og å byggja vidare på dei musikalske reglane som rådde då dei var unge. Dei la meir vekt på form, estetikk, eksperimentering og klangfargar enn på tonalitet. 

Klang og byggjesteinar
I tillegg står impresjonismen og den franske tradisjonen sterkt, der særskilt raffinementet og det klanglege tiltalar Vaage. Impresjonismen har i musikken noko til felles med målarkunsten, der repetisjonar av små penselstrøk vert sette saman til eit dust bilete. Skala og små tema vert brukte som byggjesteinar, og klang vert lagd vekt på gjennom utstudert instrumentasjon og intrikate teksturar. 
Vaage har òg vore oppteken av spektralskulen, der komponistane brukte og analyserte overtonerekkja, både strukturelt og innafor klangspekteret. Denne rekkja finst naturleg kring oss, og kan få avanserte klangar til å roe oss. 

Prosjekt og prisar
Men det personlege uttrykket og det å få realisera idear er det som driv Knut Vaage i dag, og han vil at musikken skal kommunisera fritt utan merkelappar.
Vaage må seiast å vera ein av dei mest aktive komponistane våre. Nyleg vart han nominert til Spellemannprisen i kategorien «Tonos komponistpris» for tre ulike album. I haust fekk han Lindemanprisen for arbeidet som komponist, og han er i tillegg engasjert som årets festivalkomponist under Rosendal Kammermusikkfestival komande august av kunstnarleg leiar Leif Ove Andsnes, med tre nyskrivne verk. 
I tillegg til alt dette held han òg på med ein ny opera for born, med libretto skriven på nynorsk, som har premiere på Festspillene i Bergen 2026.
Vaage skriv slik om komposisjonsserien multiMORF, eit av hovudprosjekta hans sidan 2007: «Gjennom utstrakt bruk av mikrofoner blir alt fra fulltonende messingklanger, pustelyder og ventilklaffelyder transformert, og lyden av en eggedeler blir til en elektroakustisk lydvev.» 
I verket brukar Vaage lydar av nordisk natur og fossedur saman med videoprojeksjonar. Alt i alt vert dette eit unikt multimedielandskap, der dei ulike delane heile tida vert «morfa» – dei endrar seg og vert til noko anna.

Mosaikk av uttrykk
Knut Vaage har ein eigenarta signatur i både den musikalske forteljinga og framdrifta, med uventa brot og kontrastar. Når ein er verkeleg inne i eit melodisk tema, eller noko reint klangleg utforskande, så vert ein brått riven ut or den verda ein held på å bli kjend med, og spora inn i eit heilt anna univers. Han har tidlegare omtala musikken sin som ein mosaikk av uttrykk, eit godt bilete på mykje av det han arbeider med. 
Om multiMORF som han er nominert til Spellemannprisen for, seier han følgjande:
– Målet har vore å finna annleis klangar for messinginstrument og utforska meir leikne lydar. Det heile starta med at eg lånte meg ein trompet, men eg kan jo ikkje spele trompet! Men når mikrofonen kjem heilt tett på instrumentet, får ein fram masse smålydar, og desse ville eg bruka. Det er som om ein vrengjer innsida ut på messinginstrumenta. Eg fekk deretter dyktige musikarar til å utforska vidare i desse lydane. Desse subtile, undrande klangane som ein elles knapt legg merke til, får ein eigenverdi gjennom elektronikken. 
Han har samarbeidd tett med lyddesignar Thorolf Thuestad på dette prosjektet, som har forløyst visjonane Vaage har hatt for korleis elektronikk skal framheva desse klangane. Såleis har dei utfylt kvarandre musikalsk. Plateselskapet Lawo og produsent Vegard Landaas har òg vore særs viktige for at albumet er kome ut i den forma det har.

Kammermusikk og opera
På Rosendal Kammermusikkfestivalen skal ny musikk av Knut Vaage framførast.
– Det er tre satsar av ein syklus med éin sats til kvar av årstidene – vinter, vår, sommar og haust – der første sats alt er framført og innspelt. Verka skildrar naturtilstandar gjennom årstidene, og eg hentar inspirasjon derifrå. Dei er laga med utgangspunkt i dikt av Hanne Bramness, Ruth Lillegraven, Erlend Nødtvedt og Terje Tørrisplass. 
Klangen av eit tidlegmusikkensemble tilfører noko særskilt, fortel han. 
– I seg sjølv skapar det ei uvanleg lydverd med klangar som ikkje er så vanlege for publikum, med kontratenor, barokklutt, gambe, blokkfløyter og harpsichord. I Baroniet i Rosendal kjem me i tillegg tett på den tida då desse instrumenta var i vanleg bruk, kring 1600–1700-talet.
– Du held òg på med ein familieopera til Festspillene i Bergen i 2026 med libretto på nynorsk – kva er ideen bak?
– Dette er ein opera for heile familien om dagsaktuelle tema og problem, om truga natur, flatehogst, fuglar og eit alvefolk som slektar på fuglane og blir kalla nattfolket. Dei skapar heile tida musikk gjennom å herma. Det skal inkludera skuleklassar aktivt og inneheld sitat frå songskatten og operalitteraturen vår. Verket vert ein del av eit trekantsamarbeid mellom operahusa i Bergen, Oslo og Trondheim, bestilt av Bergen Nasjonale Opera, med libretto av Bjørn Sortland.

Ein berande idé
– Korleis går du frem når du skal byrja å skriva på eit nytt verk?
– Eg må ha ein idé som eg trur kan halda heilt fram til målet. Men eg vil ikkje vera dogmatisk. Eg vil ha med dialog som kan oppstå undervegs i prosessen med utøvarar, dirigentar og andre. Ulike teknikkar som eg og andre har brukt før, er ein slags verktøyboks som eg prøver å henta fritt ifrå. Heller enn grunnleggjande nyskaping er det snakk om å finna nye blandingsforhold.
– Kva kan musikken og kunsten bidra med i alt som skjer kring oss i desse dagar?
– Dei held oppe kritisk tenking, inspirasjon, idérikdom og kreativitet. Eit rikt musikk- og kunstliv er teikn på eit raust, sunt samfunn og framhevar verdiar som ikkje handlar om makt og pengar. Kunsten er viktig for å ta vare på demokratiske verdiar. Det fellesskapet og samhaldet kunsten og kulturlivet skapar, ser eg på som Vestens store styrke. Det frie kunstlivet er noko av det eg er mest stolt over at me har fått til i vårt samfunn, og i liberale, vestlege demokrati generelt.




Tilbake
Ingen kommentarer

Beklager, kommentarskjemaet er stengt for øyeblikket.