BIO
Kort biografi for nedlasting (pdf)
Litt lengre version, omlag 1500 teikn (pdf)

CV
CV for nedlasting (pdf)

KNUT VAAGE, Biografi

Knut Vaage (1961-) er busett i Bergen kor han livnærer seg som komponist. Han er utdanna i klaver og komposisjon ved Griegakademiet i Bergen. Vaage har vore aktiv innafor ei rekke stilartar med hovedvekt på improvisasjon og samtidsmusikk. I fleire prosjekter har han utforska grensene mellom improvisasjon og komposisjon. Vaage sin produksjon spenner frå symfoniske verk og opera til solostykker. Musikken hans blir hyppig framført på konsertar og festivalar i inn- og utland.

Blandt Vaage sine instrumentalverk finn me Movements for stor sinfonietta, eit av fleire verk bestilt og urframført av BIT20 Ensemble, og Transit, bestilt av det franske kulturdepartementet og urframført av Ensemble Court-circuit. Vaage sin omfattande produksjon av orkestermusikk inneheld: Skjulte songar, urframført av Stavanger Symfoniorkester; Chaconne, Hokkaidos hagar og Tjat, urframført av Bergen Filharmoniske Orkester; Refleks, urframført av Orkester Norden; Kyklop, urframført av Trondheim Symfoniorkester; Mylder og Rite, urframført av KORK. Av verk for blåsarar kan nemnast "Graffiti" for brass band og "Breaking Another Wall" for wind ensemble. For "Graffiti" mottok han Edvardprisen for 2003. Mykje av Vaage sin instrumentalmusikk er utgitt på CD.

Utvikling av eit hybrid akustisk/elektronisk lydbilde er eit viktig tema i Vaage sin musikk. I Elektra, multiMORF-serien og i Futurasjon, har han jobba tett med lyddesignar Thorolf Thuestad for å utvida klangspekteret til instrumenta gjennom utstrakt bruk av elektronikk. Futurasjon for orkester og elektronikk blei urframført av Bergen Filharmoniske Orkester og Ed Gardner i desember 2015. Sjå videoen på digitaltkonserthus.no

Vaage har også skrive fleire vokalverk og verk for scenen. Hans første opera, Nokon kjem til å komme, tar utgangspunkt i Jon Fosse sitt skodespel med samme navn. Den blei urframført av Opera Vest under Ultima hausten 2000 og oppnådde gode nasjonale og internasjonale kritikkar. Operaen er oversatt til engelsk og tysk, og har blitt framført i Tyskland og Luxembourg. I 2010 urframførte Collegium Musicum Høgsongen for solister, kor og orkester. Khairos er ein fullskala opera, utvikla saman med librettist Torgeir Rebolledo Pedersen, bestilt av Den Norske Opera & Ballett, og urframført i 2013. Rebolledo Pedersen har også skrive libretto til Veslefrikk, ein opera i ei akt for heile familien, som ble urframført september 2010 av Den Nye Opera, og vant ARTE sin publikumspris for beste produksjon.

Med trioen JKL var Vaage som improvisator tidleg ute med å utforska fri improvisasjon i grenselandet til komposisjon. Spenninga mellom akkustiske instrument og elektronikk var stilsetjande. JKL har utgitt ein CD. Arbeidet med improvisasjon er tatt vidare i bandet Fat Battery og i sceniske prosjekt som Achilles or Stupor, framført på Grec Festival i Barcelona i 2015.

Formidling av samtidsmusikk i eit breiare forum har vore ein del av Vaage sin aktivitet. Han har deltatt i fleire prosjekt som er retta mot barn og unge, og lokale kor og orkester.

Vaage har vore styremedlem i Norsk Komponistforeining. Han har også vore leiar i Ny Musikk avd. Bergen, for Autunnale-festivalen og for konsertserien Avgarde i same by.